Behandlingar

 

Vi tilpassar behandlinga etter dine behov og kan tilby ei rekkje ulike behandlingsformer. Vår klinikk har stort fokus på fagleg oppdatering og vi er aktive med etterutdanningar og kurs for å yte best mogleg behandling.  

Fysio1 har diagnoseverktøy for svimmelheit, ultralydapparat, og ulike modaliteter for nevrologisk utredning ved mistanke om til dømes nerveskade.

Vi anvender forskingsbaserte tilnærmingsmetodar for dei ulike plagene og det blir oppretta spesifikke treningsopplegg i samband med anna behandling. Vi har i gjennom samarbeid med Topp Trening tilgang på store flotte treningslokaler med frivekter, apparater og slynger mm. Der er også ein stor treningssalen som me benyttar oss av med dei ulike treningsgruppene me har.

Vi arrangerer ulike kurs og held Ryggskule i tillegg til eit vekentleg opplegg med balansetrening. Følg oss gjerne på vår facebookside for å få eit innblikk i vår kvardag!  

 

Spesielle behandlingsmodaliteter
-Ultralyddiagnostikk
-Utredningsutstyr for svimmelheit
-Trykkbølgeapparat
 

Vi kan hjelpe deg med blant anna:
-Muskel- og skjelettplager
-Idrettskader
-Svimmelheitsplager
-Forebyggande trening

 
 

Fysioterapi

Fysioterapi er eit sjølvstendig teoretisk og praktisk helsefag. Offentlig autorisasjon er nødvendig for å kunne arbeide som fysioterapeut. Fysioterapi er et lovfestet tilbod innan norsk helseteneste.

Fysioterapi omfatter helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom trening, rettleiing og behandling er målet å betre tilværet for menneske med sjukdom og funksjonssvikt. Fysioterapi tar utgangspunkt i menneskets ressurser og stimulerer til ansvar og eigenmeistring.

Optimal funksjon og bevegelsesfridom er viktige mål for fysioterapeutar.Utgreiing vil seia undersøking av personar med skader, sjukdom og smerter i muskel-, skjelett- og nervesystemet. Undersøkinga inkluderer brukarens eigen historie, funksjonsanalyse og spesielle tester.

Med bakgrunn i undersøkinga og gjennom klinisk resonnement utarbeider fysioterapeuten, i samråd med pasient eller bruker, eventuelt pårørende, mål og tiltaksplan.


Tiltak kan mellom anna omfatte øvelsesterapi,slyngeterapi, trening, elektroterapi, behandling på benk og rettleiing. Trening og behandling kan vera individuelt tilpassa eller retta mot grupper.

 

Manuellterapi

Manuellterapeutar er ekspertar på muskel- og skjelettsystemet. Manuellterapeutar undersøker, vurderar og behandlar plager i muskel-/skjelettsystemet for å gjenopprette eller betre kroppens funksjonar. De kan differensialdiagnostisere, det vil seia å skilje mellom sjukdommar i muskel- og skjelett og andre farlige tilstandar med same symptom (for eksempel brudd, skader, kreft eller inflammasjon).

I undersøkinga kan manuellterapeuten henvise til bildediagnostikk (røntgen/MR/CT) og til legespesialist. Som del av behandlinga kan manuellterapeuten henvise til fysioterapi. Du treng ikkje henvisning frå lege for å få trygderefusjon hos manuellterapeut. Manuellterapeut kan også sjukemelde.

Manuellterapeuter har eksamen i klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar ved norsk universitet eller tilsvarande utdanning, eller og har bestått eksamen i differensialdiagnostikk, laboratorieanalysar og utdanning i radiologi tilsvarande norsk masterutdanning. 

I begge tilfeller har manuellterapeuten i tillegg særskilt opplæring i trygdefaglige emne. 

 

Osteopati

Osteopati aukar kroppen si evne til å helbrede seg sjølv gjennom fysisk behandling av heile kroppen ved smerter og plager. Det er forebyggande og verker som akutt og rehabiliterande behandling. Osteopati verker fordi ein fokuserer på sammenhengar i heile kroppen for å finne årsaka til smerten, som ofte kan vere ein annan stad enn der ein kjenner smerten.

Osteopaten tek seg god tid til pasienten, har høg medisinsk kompetanse og samarbeidar med anna helsepersonell når det er nødvendig. Osteopati bygger på medisinske fag som anatomi, fysiologi, biomekanikk og patologi.

Osteopateane er spesielt interessert i å finne sammenhengar til folk si smerte og plagene og behandlar ikkje berre musklar og ledd, men også bindevevsnettverket i kroppen. Derfor behandlar osteopatane i stor grad også følgetilstandar av sykdom og skader, og pasientane opplever at smerte i rygg og nakke kan bedrast. Osteopatane behandlar ofte ein annan stad enn der smerta sit.